sofakroken:-)

Sit godt inntulla i teppet mitt og nyt kaffikoppen.:-)

Kjenner at det er heilt greit å stå seint opp og berre slappe av:-)

Ute ruskar vinden i alt han måtte finne og skyene er klar til å sleppe ned litt nedbør.

Har vurdert om eg skal ta meg ein rask spasertur ,men er litt småforkjøla så igrunnen så frestar det lik null

Syns igrunnen det er heilt greit å sitte her å sjå på godmorgen Norge

Påska er over og med den godveret:-)

Litt godt og å vere tilbake til normal kvardag ,sjølv om det å ha familien nær er verdt ganske mykje.

Men slik er det.Alle er opptatt med sitt i ein travel kvardag.Godt er no det og.

Brann i Fjærlanddstunellen.Jammen bra det gjekk uten liv gjekk tapt, ,sjølv om eg reknar med at dei som var involvert nok slit med etterreaksjonane

Mykje tunellar her med oss ,og gjev vel oss alle ei påminning på kor fort ting kan gå gale

Ute er regnet begynnt å gjere sitt inntog og gamla er glad ho sit i sofaen

Ikkje verdt å provosere forkjølelsen meir enn nødvendig..Får heller konsentrere kreftene å å komme meg på jobb:-)

Kanskje eg heller skal prøve å gjere litt inne…men trur igrunnen det er lurast å berre lese i ei bok:-)

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg