Gamla og pengesluket😎

I den tid eg hadde den gamle carinaen min var eg faktisk flink å rygge..Det var då eg irriterte meg over dei som ikkje fekk bilen i revers…
Det var den gang…
Før Pengesluket kom inn i livet mitt..
Speglar og rygging er ikkje i mine gen og stasjonsvoger  er ikkje så gode å rygge uten…
Eg og Pengesluket er vorten kjende som landevegens skrekk.
Store og små bilar samt buss og lastebil som har sett oss i sving eitpar ganger, dei får bilen i revers og er på veg bakover før gamla trekk pusten.
Trur ikkje det er fordi dei vil vere snille..
Er vel rett og slett fordi dei verken har tid eller ork til å sjå meg i aksjon..
Toppa seg idag…
Har eit langt smalt bratt parti uten rekkverk eller utkjørsle  på arbeidsvegen…(ikkje berre eit parti)
Godt nedover traff eg bussen..
Han kjørde godt ut og tenkte nok eg kom forbi…
Ein gang i tida hadde det gått an..men det var før det kom ein halvmeterhøg kant av oljegrus..
Ut kom sjåføren..ung for meg ukjend mann.
Sa som sant var at eg kom ikkje forbi der…var elendig å rygge og det kom til å ta tid..men eg skulle gjere mitt beste..
Og la i det same til at viss ikkje han ville rygge for meg då..
Han såg på det gamle spetakkelet med store blå auge og håret til alle kantar.
Så nok for seg Madam Mim og heksegryta..
Sa; ja eg ryggar…hoppa i bilen og rygga i rasande fart ut av syne..med Pengesluket..
Traff han på veg nedatt..Prøvde å takke men trur han var litt redd…
Svigermors drøm..
Han har i det minste ei god historie å fortelje…
Mulig han skal køyre her oftare og reknar ikkje med at han ryggar for meg meir..så får prøve å halde meg unna i den tida..
Kanskje eg skal slå opp turnusen min så folk får ein advarsel om når eg og pengesluket er på vegen😊
Skal ikkje vere enkelt..
No har eg fri i helga så det er nokonlunde trygt på vegen😊
Men takk til den fantastiske unge mannen😊
Vi har sikkert begge fått noko å flire av
Eg er med på å halde liv i myta om damer bak rattet og han fekk ei god historie

Her gjeld det å ikkje ta seg sjølv høgtideleg..😚

#humor#ironi

No har gamla og Pengesluket tatt kvelden
Ute snør det og sola skin sånn av og til..
Fortsatt ikkje skifta dekk .glømt det men kom vel med.
Må bestille nye mandag😊

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg