Den som ventar på noko godt…

Men idag har eg venta på feiaren…
No var det no stort slingrinsmonn på klokkeslettet..
Mellom 9.30 og 16…
Tenkte at i dag skulle eg halde meg heime..sånn at eg hadde litt kontroll på om han kom eller ikkje…
Til vanleg brukar eg å henge ein lapp..
Berre fei eg tek aska sjølv..
Ikkje kommen endå men har no ein time på seg😊
No veit eg ikkje om det var idag han skulle på Lifjellet å feie…då kan det ta tid😊

Så mens veret har vore nokonlunde så har eg brukt ventetida til å vaske litt i huset..på høg tid.

I mangel på frisk luft vasa eg meg ut i hagen..
Dvs .å kalle det hage er fullstendig feil

Her er det kun ugras og mose.
Pluss rikeleg hagejevel..
Er det nokon som treng litt ekstra i salaten er det berre å forsyne seg😁
Eg deler gjerne😁

Manglar i tillegg til ryggegenet og hagegenet..
Her er det stort forbedringspotensiale😊

Naturhage er tingen😊
Men fann no fram litt utstyr og prøvde rydde litt.
Er vorten litt sånn uframkommeleg😊

Gjenstridige greier

Litt rusta og ikkje heilt sprekt..
Litt som meg..men det funkar😊

Kom ei salig haglbyge å redda meg frå meir hagearbeid .Kasta ifrå meg alt..Fekk med meg sengkleda på snora å storma ihus😀
Reddast det som reddast kan..
Si no sit eg her og ventar på feiaren mens eg tek meg ein kaffikopp..
Håpar det lettar litt.
Bør nok få vekk meir kvist og kvast.
Helst henge ut litt klær og..

Men først drikk eg litt meir kaffi😊

 

#hhumor#ironi

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg