Gale Lise og ryggverken😣

Den følelsen ein får når ein vaknar og føler at heile høgresida har låst seg..
Og det mitt på natta…ikkje så mykje søvn kan ein sei..
Kreka meg opp og innsåg at det antageleg ikkje ga seg første timane

Ja…ka sa eg..Gale Lise formeleg kosa seg.
Slik går det når du er lat og ikkje gidd gå i utmarka..Eg sa det til deg..men høyrer du??

Ja..veit.
Har ikkje vore i form i det siste og drittveret har ikkje fresta..
Veit eg bør gå i ulent terreng.
Om ikkje kvar dag så tett innpå.
Treng ikkje vere på ein topp akkuratt.

Måtte innom legen og i påvente på fysio er det berre å labbe iveg

Men er sånn småforkjøla

I helsiken heller kom det frå Gale Lise..Er det noko i vegen med hovudet ditt eller?Ingen som kreperar av frisk luft!!
Så gamla fann det best å ta ein tur

Det flotte med Bygdeheia er at det er lite opp og mykje bortover..
Ikkje det store for dei som likar toppturar men for meg med dårleg rygg er det toppers

Må inrømme at i dag sleit eg.

Veit ikkje om det var bra verken for forkjølelsen eller ryggen.
Fekk iallefall opna kanalane i den sure nordavinden
Tok tid for var ikkje heilt smertefritt men gjorde i det minste godt for psyken
Gale Lise vart fornøgd og eg har tatt meg ein smertestillande og ein kopp kaffi..
Er no ikkje verre.
Men er nok berre musklane som nektar å lystre så går nok over med blanding av trening og ro..
Irriterande èt det no uansett😐

 

#ironi#humor

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg