rot overalt:-)

De aner berre ikkje kor mykje eg kan rote.Er nesten så eg sjølv vert imponert

Kan ikkje skjønne korleis folk klarer å ha det strøkent og der alt har sin faste plass

Ja det har det no igrunnen hos meg og.Det er  berre det at der er det aldri:-)

Og eg prøver.Forsetta er det ingenting å sei på,men det går liksom berre ikkje

Då hadde eg no ikkje fått gjordt noko anna,men hadde kanskje ikkje vore så dumt.

Mulig eg då hadde fått av meg nokre kilo

 

Det er meg eit stort mysterium kor folk klarer å ha det strøkent og nyvaska til einkvar tid

På jobb er eg faktisk ganske ryddig av ein eller anna merkeleg grunn

I tillegg må eg lære meg å kaste.Utruleg kva eg igrunnen samler på av ting eg ikkje har bruk for..

Men ein kan jo aldri vete.Plutseleg treng ein det og då har ein kasta det…

Veit at det er litt sprøtt…

Har meg ei ryddetokt innimellom og vert kjempefornøgd kvar gang,men plutseleg er eg tilbake i gamle fotspor

No skal eg snart ordne kjøkkenet…Ein flott anledning til å få orden i rotet der iallefall….I det minste få litt meir system i skuffer og skap

Om eg får det…Ja det gjenstår å sjå men må iallefall prøve:-)

Jaja..Har vel mine gode sider eg og,men dei er igrunnen litt vanskeleg å finne

Eg er strengt tatt best på å kose meg.Lese,strikke litt, eller berre sitte med tv og data

Skikkeleg latmannsliv.Men det er eg til gjengjeld veldig god på:-)

 

#Humor#ironi

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg