Pengar eller kort/torever kjem fort:-)

Skikkeleg lummert ute og regnet lurer på om det snart får sleppe laus

Venter berre på at tore og lyn skal komme på besøk
Ikkje det at eg likar det.Tvert imot🙂

I morra er det oppatt på sjukehuset med dette auget.
Pengesluket må vere med om han vil eller ei.
Tek tid ser eg .3 timar…
Jaja…er som det er.

Prøve for ein gang skuld å skrive handleliste..Til Førdeturen altså😑
Sist glømde eg støvsugarposer…
Skal kjøpe meg ny kantklippar hadde eg tenkt.solid ein..Ikkje hjelp i noko sart noko når eg skal slå😀

Plastkassa..det er tingen å ha til å pakke vekk ting..
Godt pengesluket er stasjonsvogn❤

Handlelista er litt stor.Pengane må jo sirkulere…
Pengar og pengar fru blom..
Er jo eit kort…
Trur det er lettare å verte gjeldslave i desse korttider..
Er jo berre å trekke kortet og slå koden.
Har ein peng så ser ein jo kor mykje ein brukar og det er lettare å sette på bremsa..
Det er mi meining..
Syns det er skummelt med desse korta eg
Har jo sine fordeler men jammen er det bakdeler og☺

Er veldig glad i ville blomster
Nydelege å ha i vaser❤
Ha ein fin kveld

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg