Vårherre vaskar :(

Og det med høgtrykkspylar..
Her er det berre å halde seg innadørs i tilfelle han får det for seg at eg bør spylast på sjøen…😉

Det ein kallar skikkeleg drittver.
Har nett vore innom naboen ein snartur..Kan ikkje sei at lengre utflukter frister akkuratt no😑
Kanskje visst han går over til å bruke hageslangen
Var i Portugal dei hadde trengt dette veret.Han har nok
bomma litt..

Fyrt i ovnen og slapper av.
Lite anna eg gidd gjere
Slepp no tenkje på å slå plenen i det minste.
Kjem rikeleg vatn i vassmagasina så dei på austlandet får billig straum.
Her er nettleiga så vanvittig dyr at straumprisen er mindre viktig.
Vi betaler så det svir uansett🤖

Om eg sakner litt godver…
Ja…iallefall er eg lei ein kropp som er stiv og støl..men det hjelp lite å sture..
Så får hekle og lese litt meir.
Skal ha meg ein regnverstur om ei stund..Frisk luft må eg ha😀

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg