Lys i alle hus?

Naboen skal flytte.
Megatrist, men eg skjønner dei
Er kort veg til barnehage og skule i nabokomunen her vi bur.Fin veg og

Til vår kommunale barnehage og skule er det 25 kilometer på smale vegar utan rekkverk mange plassar.Om vinteren er første 10 kilometerane reine risikosporten til tider.
Jobber ein i den andre enden av kommunen er det grei nok.Ein tek ungane med.
Jobber ein i nabokommunen som mange gjer så er det håplaust
Mange som jobber i nabokommunen og omvendt.
Supert.Men syns det burde då og vere greit at ein kunne ta ungane med…

Var kjempeglad då naboen flytta hit.
Er vel faktisk einaste ungane under skulealder i heile Skifjorden…
Men ikkje lenge.
No er her for det meste pensjonistar.Så er det vi på pluss minus 60 og nokre få unnatak.
Resten er hus og hytter eigd av folk frå Førde og Bergen.
Ingenting ivegen med dei☺men for å få ei levande bygd treng vi fastbuande barnefamiliar
Det betyr skattepeng i kommunekassa.
No vert det ingen
Skammar meg no over å vere eindel av det politiske livet i Hyllestad.
Kan då ikkje vere slik vi vil ha det.?
Skifjorden vert ein utkant kva kommune  vi tilhører, men vi er no liv laga uti her og☺
Reint trivelige er vi.
Så la oss få behalde dei unge og la dei ha ungane i barnehagen i Fjaler.
Skal vi få lys i husa må vi snu tankegangen
Feller ei tåre for naboen og hadde eg hatt små ungar idag hadde eg gjordt det same
Kjære politikarar
Ingen skam og snu☺Eg har trua

I tillegg så er hotellet i kommunen konkurs…
Ligg i andre enden men eg bryr meg
Megatrist det og

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg