Rett og slett ustabilt

Veret altså…Ikkje god eg heller:-)
Har liksom alle årstidene i ein vill runddans heile dagen😙

Tok berre regnjakka over då eg gjekk tur..
Vart temmeleg våt kan ein sei…
Regna vannrett og kaldt var det og😉
No har eg dusja og fyrt i ovnen og ute skin sola…føler meg lurt og snurt

Men no skal besta slå til å lage raspeballer…
Kjøtet er no snart kokt….
Det kan eg no, om ikkje anna…på mitt vis😗
Tek det til kvelds for onkel og prinsen skulle kose seg med taco til middag🙄Det er besta ikkje glad i…
Det er greit ,sa prinsen😉Glad for å tilbringe heile dagen med onkel…Ikkje sett han sidan i dag tidleg:-)

I morgon skal prinsen heim.
Håper han kjem snart att…
Kan jo vere eg gløymer korleis eg skal spele monopol🙄
Mulig det er noko anna som då er inn.Lærer stadig noko nytt i bestemorstilverelsen:-)

Går greit med kneet så lenge eg ikkje prøver å sitte på huk …så går seg nok til..
Litt tåler eg no😐Vert berre ein smule frustrert..

Tålmodigheit er ein dyd eg ikkje vart utstyrt med

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg