Kaffibesøk og maurkverk😎

Sola kom den.Seint med godt så gamla rusla over til veslesysta på hytta på kaffibesøk.
Hærlig med sommar..
Men midt nedi kaffikoppen gjekk mauralarm frå ho mor som hadde starta med å slå skråningen med sjøen med ljå…
Reknar med ho har sett på det lenge…
Såg ikkje ut ,og ingen gjer noko…
Slakke etterkommar..

Men ho fekk no hjelp med både maur og gras😊Slå gjorde ho sjølv
Reine dugnadstunda på naboen sitt område…
Han er på contryfestival😙

Vart retteleg pent…
Når vi først var i sving rydda vi tang i fjæra…

Det var då veslesysta fekk det på seg at ho skulle ta eit kveldsbad😎
18 grader påsto ho…

Vakkert ved sjøen men eg syns bading er oppskrytt😉kjende berre myggen og var kledd deretter

Er pysete😙men vi fekk unna litt jobb og i tillegg hadde vi det kos…

Gamla har dusja og landa i sofaen med slaurebuksa😆
Skulle nok hatt #Slaur frå #skifjordenbryggeri…hadde eg likt øl…men det gjer eg ikkje…
Så tek meg litt kaffi sjølv om det er seint..Det er jo sommar

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg