Trøtt i trynet og pisslei

Sit er i sofaen trøtt og lei av følelsen av at sommaren er slutta å komme til vestlandet

Andre året på rad no…

Trist tenkjer eg.Selvfølgeleg kan ein reise på østlandet eller til syden:-)Kor det no er:-)

Men det er liksom ikkje det same

Men kanskje neste år?Håper no at det ikkje er over for godt

Klimaet er i stadig endring og her er meir vind enn før.

Er berre det at skulle ønska meg litt meir stabilt varmt ver i ein periode…

Ikkje alle som kan reise på tur:-)Og eg syns det er kjekt å vere her  i sommarmånadane med lyse sommarkveldar.

No er no kanskje ikkje myggen det store,men så lenge det er varmt kan det jo blåse litt:-)

12 grader og kuling..Kva meir kan vi forlange:-)Hetebølge i Europa…stakkars….Dei kan jo berre komme til vestlandet på ferie

Sånn omvendt klimaflyktning..Vi har plass må vite og behagelige temperaturar

 

I dag har eg fyrt i ovnen…Må nok ha meg ein regnverstur,men trur eg sit i sofaen ei stund til

Er jo søndag:-)

Kneet verker og eg skuldar på veret…Men men…det kan eg no ikkje gjere noko med ,,,

Gamla får bite i det sure eplet og tenkje positivt….Vert no ikkje sollbrendt og slepp å svette:-)

God søndag:-)

 

 

 

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg