Endeleg var den her😙

Adressa mi.
Etter mange år med frustrasjoner over nettbestilling og ikkje godkjend har eg fått gateadresse😗
Vegadresse rettare sagt.
Sidan eg bur på enden av ein lang veg langs ein fjord ,har eg jo høgt nummer må vite…er sikkert 100 nr.på ein km..

Manglar ikkje på ledige nr.
Kor enkelt eller logisk det er for folk å skjønne eller finne fram veit eg no ikkje..
Er nemleg 30 nr.mellom meg og hyttenaboen..
Og vi bur ganske nærmt😉

Men skal vere glad eg endeleg fekk denne adressa og teie  stille
Har folk funne fram uten,  så finn dei nok fram fortsatt.
Til å med bestillingar på nett kjem til å gå som ein leik😉

Vi er jo plutseleg  ein del av samfunnet vi og🤓

Litt usikker på om det gjeld frå no eller seinare..
Las det på nett.
No forventar eg at det vert skilting.

Fins ingen her frå før så er god plass til dei og😗
I det heile er det plass til mykje.

Men no har vi jo fått både bryggeri og vegadresse uti her…
No lurer eg på kva som no kjem.
Vi er jo i drevet😗

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg