Kaffi og valgkamp

Ja ikkje det at eg har tenkt å drive valgkamp…
Men det er viktig å stemme uansett kva ein vil stemme på.

Ingenting er så irriterande som folk som har veldig sterke meiningar om ting og aldri kjem lenger enn til kjeftbruk.

Vil han ha forandring må ein gjere ein aktiv innsats.
Det å gå til stemmelokalet og avgi stemme på det partiet ein trur på, krev no ikkje allverden.

Det eg likar minst med valgkampen er vel all sverting av personane .
Å vere uenige politisk er greit.
Det er når det går over til personlege angrep eg reagerer.

Gjeld forøvrig ikkje berre i politikken
Veldig enkelt å sitte på gjerdet å bjeffe.
Å delta aktivt krev noko av ein sjølv og då vert det straks verre.😚

Alle gjer ein forskjell og det er viktig at vi engasjerer oss i samfunnet rundt oss.

Ha ein fin dag

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg