Merkelige greier

Kvifor er det slik at det er når eg ikkje klarer noko verdens ting at eg får slik voldsom trang til å rydde😉
Det er liksom no eg ser alt som eg burde ha gjordet noko med for lenge sida😊

Einaste eg får no er liggesår og tresmak i reva🤥
Kjennes iallefall slik ut…
Burde nok lese litt fagstoff og oppdatert meg litt.Hadde nok vore lurt.
Ikkje heilt der endå kjenner eg.
Og eg har berre brote ein arm.
Det einaste nyttige er at no veit eg korleis det kjennes…kan no ta det med i jobben min..vi har vel lett for å tru at ein klarer meir enn ein gjer

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko
Det eg har lyst til er å gå meg ein fjelltur…men sikkert like godt eg ikkje kan..
Hjortejakta er jo starta og er litt utrygg i marka den første tida..
Litt usikker på nervøsiteten til jegerne første veka…
Hjortejakta gjer noko med folk har eg merka meg og ikkje alltid positivt😊

Jakt er ikkje mi greie.
Held  meg til å ta knekken på fluge.
Men kjenner at dei virkelig kan få fram sinnet i meg…
Så nå kan det kanskje vere lurt eg ikkje går på jakt..

Har no i det minste fint ver.stille og fint både på land og på sjøen😉
Har det fint her i godstolen og🤠
Må berre  ha tolmodigheit og halde meg på føtene. Vore litt mykje fall i det siste🤔

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg