Det er stygt å banne

Men må virkeleg sei at då eg og stakkars Larris skulle på basar så fall det mange og saftige gloser

15 cm og snøføyk… og på smale vegar. Her i fjorden er det ei kjend sak at det fyk att…

Berre det at vi har visst har fått nye som brøyter…

Heimatt var det brøtt men fyk til att…

Og kva eg  sa då eg kom til oppkjørsla mi og i tillegg til den snøen som skulle vere der, hadde fått ein halvmeter brøytekant då banna eg langt å lenge…

Må då gå an å i det minste få plogen så langt ut at eg kan få parkert mens eg rydar opp etter brøytemannskapet!!!

Fly forbana måtte eg køyre ein kilometer for å snu ,

deretter inn til naboen der eg klarde få bilen or vegen…

Heldigvis fekk eg hjelp til å rydde meg plass til bilen:-)

Glad jr.er heime ikveld…

Håper at dette ikkje er malen vi skal ha i vinter.

Kommunale vegar i ytre var heller ikkje pløgde før langt ut på ettermiddagen…

Er faktisk eit ekte snøhol uti her..Og det fyk til…

 

Kjenner at eg vert trekt..Var då verkeleg meld denne snøen–Kanskje dei må ha nokon i ytre som melder frå når det må brøytast…

Men men..

Lite folk på basaren ,men nokon kava seg gjennom snøføyka og ein hjelpte kvarandre med å få laus bilane ved avreise.

Koselige timar:-)

 

No har eg vore ute og spadd fri ytterdøra…

Det får vere nok trim for idag kjenner eg, for snøen var blaut:-)

Burde kanskje laga snømann:-)

Fått ut litt agresjon..

Men på dette føret så skal ikkje Larrisen ut at på ei stund seier han..Eg er einig..Vert formykje for oss stakkarane

Får håpe på at det sluttar å snø

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg