Skjerp deg gamla😎

Våkna tidleg men…skikkeleg skallebank…ingen bakrus😊
Tok meg Paracet og vatn og tusla inntatt til senga…
Vært verande der både vel og lenge.
Viktig å våkne sakte men sikkert.

Tusla meg ut på altanen med kaffi og knekkebrød…
Hadde nok vorte der hadde det ikkje vore for gale Lise…
Ka søren. Skulle ikkje du verte litt sprekare?
Trur du det hjelp å sitte på reva og sukke over for mange kilo og dårleg pust?
I grunnen ikkje…så gamla fekk på seg  
Joggesko og labba iveg

Litt greit å kunne sleppe køyre bil.
Makeleg anlagt så tok det nærmaste fjellet

Appelsin og pause på toppen er tingen

Når ein er oppe så lurer eg på kvifor eg ikkje går oftare…
Er den dørstokken.

Etterpå flata eg ut  på solstolen.
Nordavind så nett passeleg lesever. Så lenge eg held fast i boka…
Glad og lukkeleg fann eg fram krimbøker.. .
Det var då eg kom på…
Er gruppesamling i velferdsteknologien på onsdag….puh…
Skal jo lesast først…
.

Ikkje glad i fremmedord…Aldri vore det…
Så gjeld å finne eigne ord så eg skjønner kva eg styrer med🤣
Greit med slike samandrag

No er det no gjort…
Bør nok gjere det ein gang til kanskje…
Eller skumlese…det er eg god på😊
Om ikkje anna…

Til og med vore hos naboen og fått dusja…
For her er det lite vatn…
Har sine bakdeler med eige bekk.
Naboen har borehol..så der er nok heldigvis…
Er jo kanskje gale å ønske seg regn men det gjer eg….
Kunne ha regna om natta…men lite regn i sikte…
Har ferie frå 11.Då er det nok eit håp😎

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg