Feriemoduset på bærtur

Ferie…
Visstnok..men vore på jobb så ikkje heilt funne rette stemninga.. .
Ute er sur vind…litt småkaldt og tørt…
Kunne godt komme regn og når det først baler med det…

Lei av å hente vatn og dusje hos naboen…
Leikar eg er på camping..
Sånn sett er det greit å ha ferie…

Vel heime frå jobb så rusla eg meg ein tur etter vegen…tenkte det gjorde susen…
Til eg åpna Facebook.. .
Herrefred kor spreke alle er😎
Her sit eg og langa i meg kaker sånn heilt åleine..

Vart til at eg tok Larris på ein snartur så eg kom meg på Bygdeheia..
Nett passeleg tur for gamla 😊
Eit par hundre meter får halde…
Har ikkje sånne hårete mål..
Tusler no avgårde i mi eiga verd…
Ikkje hadde eg med meg mobilen heller…
Det brukar eg…litt greit å kunne ringe om ein er i nød…
Gjekk no bra.
Klarer oss før i tida og😊

Men har jo vore der før må vite…
Så bilder det har eg…
Var til å med komme ein rød postkasse der.
Var på Einingsfjellet i fjor.. .
Er sånn ti på topp i Fjaler greie…
Eg heng ikkje med på det.
Har mine eigne toppar eg..😊
Dvs.må vere godt merka…
Skal bruke ferien til å finne att strikkepinnene.. .så har eg no arbeid den stunda😊

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg