Viktig at mottakar og sender er på same frekvens😄

No er kommunikasjon ikkje alltid så enkelt.
Ein bør først og oppfatte kva den andre parten seier.
Helst vere god på kroppsspråk og lurer ein…spør oppatt…

Ofte er det eit slit med denne kommunikasjonen.. .
Vi forstår kvarandre ikkje ,og i tillegg så verker det som vi bur på kvar vår planet…
Av og til er det ting  rundt ein som forstyrrer…ein høyrer berre halvvegs etter…eller ei  høyrer tungt…

Her er dagens frå heimen😊

Var ein tur nede ved sjøen..
Vinden hadde ruska godt.
Junioren hadde sikra med tau i alle retningar😙
Tusla meg oppatt og innom ho mor..

Skikkeleg sikra med tau der nede så eg…
Ja…han var nede i går kveld.. .
Men han skada eit kne….
Hm…kva sa ho…tenkte eg…

Hadde han ramla då?
Ramla?korti kom det frå ho mor….
Men du så no han hadde skada eit kne..
Nei…da har eg ikkje sakt…mor mi såg på meg..eg sa det var bra han gjekk ned…

Så kom resten av forklaringa til det…
Godt eg spurde oppatt😊
Sånn er det når ein høyrer sånn halvvegs…
Fort gjordt…
Lett att det oppstår misforståelser 😎

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg