Endeleg Alden

Fantastisk tur og eit slit.Sånn begge deler på ein måte

Den norske hest eller Alden.Ikkje så mange fjell eg har hatt som mål å gå på,men dette sånn midt uti havet,har vore ein av få

Gredde det før eg vart 60:-)

Jr.har nemleg kjøpt seg båt og tok mamsen og tantene med på tur

Viktig med god sjåfør både til lands og vanns

Norskehesten l

Fantastisk opplevelse  :-)Alden ,øy i Askvoll kommune.Fjellet den norske hesten eller Norskehesten ligg 460 meter over havet står det på goorgle

reknar med det stemmer.

For det gjekk opp på smal sti og med svette og slit.Mykje folk .No var vi ikkje like spreke alle 4.Men eg kom no opp ,og det er det som er tingen.Nesten like slitsomt å gå ned på smale stier og med mange på veg opp.Tok på knea.

Men det og stå på toppen med blått hav på alle kanter og med følelsen av å sjå ut i det uendelege er verdt det.

Sjå ned på Værlandet på eine sida og sånn nesten til England på den andre.

Anbefalast.

 

#fjelltur#alden#foto

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg