Gamla på loffen

Reknar med eg er litt av eit syn der eg loffar etter vegen i alt slags ver.

Har folk lurt før,så er dei vel sikker no.

Kalvbeint med armane viftande ut frå sidene.Reine heksa.Mangler kosten

Men er faktisk ein veldig god måte for å løyse opp fastlåst nakke og skuldermusklatur.

Berre å få senka skuldrane heilt ned og pendle iveg:-)Gjer litt ilt.

Men vondt skal vondt fordrive

Har rusla meg ein tur bort til nabokommunen.Er så koseleg tillaga med grillhytte,ballbinge og plass og sitte.

Ikkje det at det er ver til det siste idag.Men gjer godt for både kropp og sjel å rusle rundt litt.

Ikkje så mykje anna eg orkar om dagen,men det går seg til.

Litt glad eg er kommen i hus att når eg høyrer på den regnbyga som no piskar mot ruta.

 

Laga middag idag om ikkje anna.

Raspeballer med full pakke.Bakdelen med salt kjøtt og bacon er jo at ein vert så forbaska tørst.Åt formykje gjorde eg og.Var ikkje så verst igrunnen.

Litt mat må ein jo ha:-)Ikkje så sunt sikkert,men skit lagå.

Nå er det Idol på tv.Flinke alle iår syns eg.Greit med fin bakgrunnsmusikk:-)

Kom på at eg har jo ferie neste vekaHadde igrunnen gløymt heile ferien

Skal ingenplass som de skjønner:-)Men kjekt å ha litt fri uansett.Komme til hektene og tanke krefter:-)

God fredagskveld 🙂

 

 

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg