Knall og fall

Hadde vore på møte igårkveld.
Surra rundt litt og tenkte.Kor er mobilen? Er nok i bilen..
Regna trollkjerringa ,så svippa på meg sandalane og ut i full fart..
I det eg steig frå trappetrinnet og på flisene skar høgrefoten ut..og med ein skru landa gamla med full tyngde på rompa…

Var rett og slett kjempevondt og opp klarde eg ikkje å komme meg..
Prøvde rope om hjelp..
Ingolf kom som ei kule han..
Men lite han kunne gjere.
Men god på trøst og støtte,det skal han ha..

Vart våt,og tenkte at her kan eg no ikkje ligge..
Klarde å dra meg inn i gangen..
Ingolf var med..
Å varsle besøket i kjellaren,som høyrer litt tungt og såg tv med god lyd det var ikkje nett enkelt..
Fekk no til slutt hjelp inn på sofaen..
Flaks at eg ikkje var aleine..
Prøvde ringe legevakta men dei hadde nok det travelt eller var svoltne..
113 ringde eg ikkje..

Var telefonen i bilenlangt ifrå..
Forbaska unødvendig..

Trur eg har vridd høgresida frå storetåa og opp..
Ribbeina på høgre gjer meir og meir vondt og korsryggen verker somn p…
Her må ein ha puter overalt
den personlege assistenten er på plass..

Håper smertene avtek snart…

8 kommentarer

Siste innlegg