Totalt uten bøy

God morgen frå gamla i sofaen.
ja eg er på plass att her.Har no hatt nokre timar i senga og.
Veit ikkje eg,men idag er eg stivare enn nokon gang.
Har nok strekt noko i høgrefotenfor den oppfører seg noko komisk

Her er null bøy i meg,så stakkars Ingolf fekk maten i hovudet idag.
Ja var altså ikkje meininga, men ikkje fekk eg fat i matskåla,så tok eit fat.På med maten og kom sånn ca 20 cm ned:-)Då knakk alt og maten sveva i bue rett ned på stakkaren

Trur eg skal ha same sokkane på ei stund.Av og påkledninga av nedre delen er litt avansert og innvikla:-)
Men har pysjen på og den fungerer greit og på sofaen:-)

Kanskje alle vi som jobber i eldreomsorga har godt av å verte hjelpelause ein periode.Så kjenner vi på kroppen kva andre slit med…
Burde hatt gåstol kjenner eg:-)
Og noko eg kan dra meg opp etter ,sånn overalt.

For eg må røyse meg innimellom…På toalettet må ein.
Men ,men….er vel dei første dagane som er verst…Tolmodigheit er ikkje min styrke.
Men eg har mange uleste bøker,kryssordblad,suduko,hekletøy og snop…
Ute err det ruskever…
Eg har klart å lage meg kaffi
Ingolf er sleppt ut og innatt
Klokka er berre halv åtte
Det er Kristihimmelfartsdag og langfri for mange…Det har plutseleg eg og fått…
Kjenner at no er det på tide med avlasting av korsryggen..
Dette her kan ta på tolmodigheita:-)Og ikkje minst skape komiske situasjoner..
Ha ein super dag…

8 kommentarer

Siste innlegg