Varulv:-)?

Fullmåne eller lakenskrekk,eller mulig eg er ein varulv?
Ikkje veit eg,men etter ein time var eg ferdigsoven:-)
Slitsomt,men sto opp
For når søvnen tek ferie så spinn tankane mine karusell og må på død og liv løyse alt nattestid
Vert rett og slett både frustrert og våken av heile tankespinnet

Så no sit eg her.Framfor dataen midt på natta som den skrulla eg er.Skal prøve sove meir om litt.
Må berre roe ned tankespinnet først

Koronatala stig i full fart..er vel eit spørsmål før dei flesta av oss har fått det.
Er å håpe at ein slepp,men då har ein nok og litt flaks.
Enn så lenge så får ein vere så forsiktig ein kan,tenkjer eg

Utruleg lyst ute og fasinerande kva ein fullmåne kan gjere både med menneskesinnet og for å lyse opp rundt seg
Fullmånen påvirkar søvnmønsteret mitt,men kvifor veit eg ikkje.
Må vel berre godta at sånn er det.
Tankespinnet er det verre med.
Så no får eg krype ned at i den varme gode senga og håpe at alle dei idiotiske tankane tek pause og søvnen får sleppe til

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg