Velferdsteknologi

Prinsen er levert hos ein kompis og eg og frøkena har vore på butikken i høljeregnet.
Igår snøa det.
Imens har Ruth støvsuga..
Ga på då vi kom heim…på badet..
No veit eg ikkje om det var planen,men hadde no forsert dørstokken.
Eg hadde ikkje lukka døra..
Syns ikkje ho er så nøyen og dreg i tvil at ho har vore innom stova..
Sa det til ho.
Lite hjelp å snakke til desse moderne hushjelpene.dei gir blanke blaffen

Trur ho meinte denne koppen passa til meg

Slakk og trøtt idag og.
Seig forkjølelse.
Men greit å vere inne.
Nesten like god sofa her og.
Antar veret er likedann heime,sjølv om eg trur det snøa meir der igår enn her.

Lurt å ta briller på når ein handler,merka eg igår.Iallefall på apoteket
Vel og merke hadde eg syn berre på eit auge.men burde jo skjønnt tegninga då eg syns pakninga var litt anna enn normalt.

Så no har eg stikkpiller istadenfor tabletter.
Paracetten har fått ei ny meining,men får gjere nytta til eg kjem heim.
Er so gale…
Jaja..
Litt tabber kvar dag er normalt.
Veit ikkje om eg skal le eller grine,men det første er gjerne best…

Gruer meg til heimturen,litt guffent ver og slakk kjerring er ein dårleg kombo…
Men heim må eg no..

God fredag🌹

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg