Maling

Etter å ha sett på fleire episodar av sinnasnekkaren,så tenkte eg

Jaja..Her er det berre å sette i gang å male om du kan det eller ei

For at det trengst å pussast opp hos meg er det ingen tvil om

Så no har eg starta på dørlistene..At dei er vorten fine er sterkt overdreve.men innsatsen min er det igrunnen ingen ting i vegen med..

Steike glad det er i  mitt eige hus eg pussar opp og at det kun er eg som treng vere fornøgd

Ikkje har eg nokon å kjefte på heller,og det er sikkert ein stor fordel..

Må ærlig innrømme at fort går det ikkje,ikkje er eg flink heller.men går no i det minste på fram.Litt om gangen og så å gjere seg ferdig er viktig:-)

Mykje planlegging og i ei dørlist

Katten såg til og med ut som han var skeptisk til resultatet.Tilbydde seg til å med å hjelpe til,men sidan eg no ikkje har for å male golvbelegget,så avslo eg om ein smule uhøfleg..

No har eg tatt kveld.Kanskje eg skal ta fram neste prosjekt eg har på gang

hekle julegardiner,,Blir no ferdige ei eller anna jul sikkert

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg