Dagen idag

I dag har eg baka og det er noko eg slett ikkje kan.Vart iallefall godt stekt

Skal ikkje delta i ein konkuranse så det får no vere som det er

Aldri heilt skjønnt kvifor eg ikkje får det til.Er igrunnen ikkje viljen det står på men mulig hjartelaget.

Men har no fått laga meg riflekjeks og nokre muffins.

Dei siste vart ein smule tørre virker det som.Har ikkje smakt.

Fuglane kan no få dei om ingen vil ha dei.ikkje så farleg:-)

I morgon tenkte eg å lage kromkaker.Brukar no å smake godt,men det er som regel det beste ein kan sei om dei:-)

 

Ute er omtrent all snøen vekke og den var det rikeleg av.Kanskje eg då bør ta meg ein tur å kjøpe julegaver før frosten sler til att.

Sikkert lurt iallefall.Og skal eg få kjøpt dei julegavene til jul bør eg antageleg ta det no eg har ferie..

Eg er rett og slett makeleg anlag,t for ikkje sei lat.

Kan jo skulde på at ryggen ikkje er i storslag for tida,men igrunnen så er det berre å snakke det vekk.

Har ein lei tendens til å utsette det meste til i morra.Er steike god å jobbe under tidspress men før den tid så loffar det å går.

Kanskje målet bør vere å verte meir strukturert på mine gamle dager.

lage meg sjølv ein dagsplan og så følge den:-)Hadde sikkert vorte litt av ei utfordring om ikkje anna.

Tek dagen som den kjem eg.Ofte så betyr det å slappe av uten om på jobb.

I dag har det vorte mykje Nelson Mandela og fredsprisen.og lite det eg hadde tenkt.

Men det kjem no ein dag i morra:-)No er det handball og så Farmen

 

 

 

 

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg