søndag

Vips så er søndagen nesten til ende-

Sport på tv.Skiskyting og jaktstart er kos.Det har eg fått med meg,men i sol og nydeleg vinterver så var det med ein smule dårleg samvittigheit.

Sofasport er greit nok,men gir ikkje så mykje frisk luft..så då Emil hadde vunne tenkte eg det var best å få på seg vinterhabitten og rusle meg ein tur

Ikkje så glatt i dag som igår .Hadde snøa litt inatt og ser eg skyene an så kjem det snart til å lave ned.

Har for sikker heit skuld parkert bilen litt nærmare hovudvegen.Måke snø er nok ein god treningsøvelse,men kjem det mengder så er det ein fordel å ikkje ha meir å måke enn at eg klarer å få klar bane før eg må på jobb.Best å vere på den sikre sida,for har brent meg på det før.

Avslutta min fine søndagstur med kaffi hos naboen..Litt godt å sjå folk innimellom.

No tenkte eg det var tid for middag.Laks for anledningen.Aldri vore nokon kokk,så eg har berre kasta den oppi litt vatn.Mat er mat.Og mett vert eg sikkert.

Fått god fyr i ovnen,kveit litt lys hist og pist.trekt meg kaffi og funne fram hekletøyet.No skal resten av kvelden tilbringast i sofaen.

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg