Det er torsdagskveld og eg kjenner at gleden over å ha fri i tre dager tek overhand:-)
Kjøpte meg roser idag for å belønne meg sjølv.Vel fortjent,tenkte eg.
Ovnen brenn og lyser så flott der den står.Sjølv har eg rulla meg godt opp i sofaen i godteppet mitt.
Funne fram nettbrettet og wordfeuden,kryssord,hekletøy og kaffikoppen.Litt lesestoff har eg og i nærheita.
Ute uler vinden om hjørnet og det kjennest bitande kaldt visst ein prøver stikke nasa utafor døra,så eg kjenner at jammen har eg det flott her oppi sofakroken
Godt å finne roen.Så får eg sjå om eg eventuelt skal gjere litt i morra.Burde nok tatt litt i huset,men det vert iallefall ikkje i kveld.
0 kommentarer