Hjelper dei som ingenting gjere:-)

Lørdag og eg gjer som vanleg ikkje ein skit.

Hatt meg ein lang avslapping i badekaret og det gjorde godt.

vurderte å ta ein tur ut,men bles slik at det frestar igrunnen ikkje.

Så eg sit no her og gjer ingenting.

Fyrt i ovnen om ikkje anna.Håper på besøk av gullungane mine idag.Får fart i ein gammal skrott:-)

Vinterdepresjoner er det noko som heiter og trur eg er ramma av det.Har liksom ikkje lyst til nokon verdens ting.

Men det går no mot lysare tider og får håpe og mot tiltakslyst..kan no leve i håpet om ikkje anna

Beundrer dei som har energi til trim,jobb ,familie og venner og ser ut som dei endå har tid og overskudd til mykje meir.

Veit jo at ein får meir energi av frisk luft,men er nok viljen min det skorter på.

Ikkje så glad i kulde.Og vinden gjer det temmeleg kaldt etter mi meining.

Men får vel om ikkje anna henge opp litt klær,sette på ei vaskemaskin og ta utav oppvaskmaskina.Det burde eg jo klare:-)

Latskapen lenge leve

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg