Det ringer på døra

Vakna idag av at regnet plaska ned

Hadde igrunnen bestemmt meg for at idag skulle eg prøve å komme meg ut,men dørstokkmila var for høg

Laga meg ein god frukost.Kravla opp i godstolen og fann fram ei god bok

Vart svolten etter ei stund så laga meg ein durabeleg middag.Valt meg opp på sofaen og sovna

 

Men kor lenge var Adam i paradis.

Vakna med eit brak av dørklokka .Ikkje så ofte den ringer hos meg så spratt opp.Kikka forsiktig ut glaset men ingen bil…

Tumla ut i gangen og åpna døra. Såg ingen med det same men plutselig dukka det opp ein kar frå eine sida som på klingande sunnmørsdialekt

sa “Eg har fisk og poteter te salgs om du vil ha.”..Det ville eg altså slett ikkje idag…

Eg var klar til å lukke att døra då kom det frå karen

“Eg ser du har ein gammal Volvo v40. Eg har vraka mange slike og lurte på om du treng deler…”

Mulig eg ser ut som ein bilmekanikar men eg er det ikkje.

Ingen som har trefft meg med det same eg vaknar kan beskulde meg for å vere blid,og kropsspråket mitt sa sikkert sitt då eg fekk fortalt han at eg ikkje hadde det minste peiling på bilar og derfor heller ikkje ante om eg trengde delar

Karen skjønnte hintet og eg høyrde han mulla då han runda hjørnet

 

Einaste som får meg til å roe meg ned etter slike hendelser er ein tur i frisk luft.

Noko godt kom det ut av besøket for gamla fann fram vestlandsbunaden og tutla seg over grensa til nabokommunen for å sjå om veret var bedre der:-)


Føler meg litt utrygg når eg sit på denne benken

Alle har vi vel av å til følelsen av at vi har nådd 0 punktet.Eg har funne mitt som eg går forbi ofte:-)

Var ikkje bedre i Fjaler heller

Så eg gjekk heim:-)

Takk til møringen som skremde meg ut.Men han treng ikkje ringe på døra oftare.
 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg