Pust og pes

Har vore eit grådig ver her i det siste 

så har ikkje gidda gått på fjellet.

 

Er ingen tilhengar av ekstremsport

men idag skin sola

Har sett på den på jobben og psyka meg opp

Veit det at skal eg gidde, så må eg heim,skifte og utatt uten nokon mellomlanding

Så og idag..

Men dei seier at kondis er ei ferskvare og det trur eg på.

Trudde eg skulle krepert i første stigning

Pusta og pesa så ein kunne høyre meg kilometervis

I andre stigningen fekk eg blodsmak i munnen og i neste, nesten hjarteinfarkt

Og det skuldast ikkje farten

Høyrde det prata lenger oppi og stoppa opp og heiv etter  pusten.  Prøvde å halde den på eit normalt nivå

Smilte og lot som alt var i skjønnaste orden då ungdommane passerte og håper på dei ikkje har fått varige skadar

 

Var veldig vått og slept men kom meg opp

Riktig stolt av meg sjøl

Sat ein familie på toppen.Dei såg igrunnen ut som dei var litt redde meg så eg skunda meg å skrive meg inn i mantalet

Tok nok eit blikk over den nydelige utsikta før eg labba nedatt.Godt fornøgd meg meg sjølv:-)

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg