Dikt om overmot:-)

Vel nede frå Einingsfjellet og blenda av dagens sol

så var det som om tanken på meir ,rundt i hovudet mol.

Kva om eg tok å klatra på nok ein topp i dag

eg måtte jo nyte sola som skein i fleire lag

 

Fra tanke til handling gjekk det og eg starta på nok ein topp

sånn er det når egoet fylles og vetet går ut av min kropp

Men sakte oppover bar det,ja det gjekk retteleg seint

og kan ikkje akkuratt seie at eg gjekk rett og beint

 

Men framover med meg bar det, men plusteleg kom eit hol

selvfølgeleg steig eg nedi,og det med skrik og skrål

Men heldigvis så vart det ikkje brot i foten min

men alteregoet fekk jo lyst å bruke kjeften sin:-)

 

 

Eg tenkte no går du nedatt og ikkje meire opp

Då var det alteregoet kjefta og sa no var det nok

No får du ta deg saman og ikkje ta på veg

Det er no flott i sola og vegen er så grei

 

Så traska eg vidare opp på den kjende og kjære topp

Eg kan jo ikkje berre gå heim og så lett gi opp

Men det skal no verkeleg seiast

her var både vått og glatt

Var nesten så eg kjende at no får eg verkeleg fnatt

 

Men endeleg var eg oppe.Kjende det gjorde godt

Det er så flott å gå her ,eg kjenner det i min kropp

Å vandre på langs over fjellet og fritt la tankane fly

Det gjer at når turen er ferdig så føler eg meg god som ny

 

Så når eg til slutt varden og det er tid for å snu

eg føler at jammen er eg heldig som uti her kan bu

Det å få kvile blikke og nyte utsikta her

Er vert litt svette og kaving og kravling på såre kner

 

Vel nede frå fjellet kjenner eg at eg må veldig på do

I tillegg treng eg snart sårt til nye sko

For desse er ikkje så tette og er no nokså slitt

så eg får nok kjøpe nye,eg drøyer berre litt

 

 

L

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg