Basar

Basar er iallefall på bygda her hos oss ein fin måte å få inn penger på .Samtidig som det er sosialt og ein drikk kaffi og et  kaker og skvaldrer med naboen

På søndag var det bedehusbasar i Skifjorden

Eg er ingen bedehusgjengar,men meiner at i ei lita bygd må ein støtte opp om kvarandre så godt ein kan

Og kva er vel kjekkare enn slike gamle treårar ?

Desse her tok eg rikeleg av

Hadde gløymt brillene heime, men hadde heldigvis med ei veslesyster med ørnesyn:-)

Ikkje at det var så mykje hjelp i for sat ved eit bord med lite vinnarlykke,men givarglede hadde vi rikeleg av så bordet flaut av årar

Muligens det er eg som har dårleg karma så ikkje sikkert dei som delte bord med meg no gjer det ein gang til:-)

Nokon har vinnarlykke og andre ikkje.Merkeleg greie det der:-)

Går gjerne på basar fleire ganger eg.Ikkje så nøye om eg vinn men av og til hadde vore heilt ok:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg