Nyt livet:-)

I dag har veret vore supert.Har vore ute omtrent i heile dag.:-)

Starta med fjelltur.Sånn passe lang for det var faktisk hett…Og pusten min vert igrunnen berre verre så vart mange stopp

 

Spegelblank fjord og kjende at idag hadde det vore fint med ein båttur:-)

Middag fekk eg hos mamma.heldig som i min alder har foreldre i nærheita ,og når eg til og med får middag er jo dagen redda:-)

Ete der i heile dag forresten,Bortskjemd:-)

Mine håpefulle skulle på sjøen i ettermiddag og jammen fekk eg lov å vere med:-)Stor stas


Var aldeles nydeleg på sjøen

Kapteinen hadde det meste under kontroll:-)Men kor er fisken?

Ser langt og lenger enn langt

Teiner er tingen.Prinsessa her kontroll

Onkel og prinsen har styringa.Gjeld å fordele oppgavene

Skikkeleg fres over prinsessa.

Vi måtte ha ein tur innom Lutelandet for å sjekke tilstandane før Yme plattforma dukker opp


Det einaste vi åg var ein mann på ei gravemaskin og ein å toppen av ein containar…Helekopter som landa og letta då vi var kommen litt lenger unna,så ikkje den store aktiviteten.Men håper det endeleg skjer noko her ute for det er langt ned mykje peng og mykje arbeid

Dagens fangst og den sto svigerdattera for med fiskestanga til prinsessa:-))

Vakkert

Må jo ha eit bilde av Alden:-)


Fantastiske blåfargar.Solund i det fjerne

Men ein tek ikkje med besta på fisketur ustraffa.Er virkeleg begynnt å lure å om eg har dårleg karma.

Motorstopp.Men heldigvis var det ikkje verre enn at dei unge håpefulle kunne reparere og vi kunne tøffe oss heim…Nokon av oss har sikkert ein skytsengel med


Jettegryte:-)

Flott tur innover i Skifjorden.

Kjempekjekk kvalitetstid:-)Er slike stunder ein kjenner at det er godt å leve:-)Og at det er dei små tinga som gjev livet meining

Vel heime venta både lapper og seinare pizza frå mor,bestemor og oldemor i ein og same person.

Så vel fornøgd med dagen er er havna i sofakroken,Handball på tv og strikketøy og data.

Jammen har eg det alle tiders:-)

#natur #friluftsliv #sjø

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg