Bruk naturen som terapi

Når ein jobbar med menneske er det ofte slik at ein vert meir mentalt  sliten enn fysisk sliten

Iallefall er det slik for meg.

Det er då eg syns det er hærleg å komme meg ut i frisk luft og la tankane fly

Av og til lar eg all gørra eg har innimeg komme ut i tankane. Forhåpentlegvis klarer eg å snakke stille innimeg ,men å mumle sånn halvhøgt visst ingen høyrer gjer liksom susen:-)

Litt greit å få ut alle tankane ein har gjordt seg gjennom dagen.Sortere dei og legge dei vekk.

Brukar det ikkje berre i jobbsamanheng ,men og ellers visst eg føler livet butter litt mot.

Mange tårer som har fått fritt utløp og mange stygge ord som er tenkt ute i naturen .Vel å merke visst eg går der å surrar aleine

Viktig det å rydde opp i harddisken innimellom.

Eg er født i tvillingane sitt tegn.Kanskje  det er derfor eg tenkjer så mykje . Gjer det, sjølv om ein kanskje får inntrykk av i bloggen min at eg er delvis tankelaus:-)

Er nok derfor det vert så mange turar og så mykje sortering:-)

I dag vandra eg først ut på utsikten for å sjå på den omtala store båten med plattforma Yme oppå. Båten var nok stor den,men Yme var som eit lite knøtt oppå.

Skal igrunnen meir til enn ein stor båt til for å imponere meg. Virkar nok større visst du ligg attmed den på sjøen eller den gjer frå avstand på land:-)

Kjende at turen ut der ikkje heilt var nok for å nullstille meg idag .Såg opp på Einingsfjellet med tjukk skodde rundt og tenkte at det var mykje meir majestetisk enn denne båten, og idag tiltrakk fjellet meg kjende eg.

Var litt langt å gå heilt ut der så eg rusla først heim for å finne bilen og baske meg ut

Var rett og slett herleg å vandre oppover.Gjekk ikkje fort men eg hadde så mange tankar som skulle sorterast at eg trengde jo tida:-)

Det å til slutt gå å vase i skodda og berre sjå så langt som eg hadde behov for gjorde faktisk godt.Og så lenge det ikkje er så tett at det er farleg så er det igrunnen berre hærleg og den låg så tett berre øverst:-)

Hjelp å få snakka med meg sjølv litt:-)Eller med alteregoet .For vi har nokre diskusjoner før vi kjem fram til eit felles standpunkt.

Eg er avhengig av slike turar.Har eg mykje som må sorterast vert det kanskje som idag to turar. Men då vert verda så mykje bedre.

Eg har fått frisk luft,Fått nullstillt psyken og slått av jobb.Må det ,skal eg ha det bra med meg sjølv og mine medmenneske

Vert eg mentalt sliten så er eg ikkje kjekk å omgås for den eine eller den andre. Ikkje har eg det greit med meg sjølv heller.

Først må eg få ut gørra,Når det er gjordt er eg klar til å sjå ting frå ei anna side og gje ting ein positiv vri.

Ja galgenumor er jo og viktig då,men alt med måte:-)Er litt greit visst eg klarer alt dette uten å innvolvere andre syns eg

Visst ikkje gjer eg som dei i spørrekonkuransen og vel.Ringe ein venn:-)

 

Så no har gamla fått på seg joggebukse og krølla seg godt opp i sofaen.Livet er igrunne flott:-)

 

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg