Uverskråka

Av og til så hadde det vore bedre å berre lagt seg i senga og dratt dyna over hovudet

I dag var eg igrunnen sliten

Har jo hatt som mål å komme meg ut ein gang for dagen,men idag tok det si tid med alle rollene mine

Kom trøtt og sliten inn døra , og ærleg talt .Det frista null å gå ut

Vårherre hadde åpna alle kranane og sett dei på fullt.Trur igrunnen det må vere vasslekasje deroppe og han har glømt kor stoppekrana er

Var på veg inn på sofaen då alteregoet dukka opp.Jau…Syns det var ei som sa ho hadde kjøpt seg tette regnklær og hadde for ein gangs skuld tette støvla

Jada.Ikkje det som er problemet..

Vidare frå alteregoet

 

Syns eg såg å  badevekta at den hadde krope ein god del opp og ikkje ned og følte du deg ikkje  oppblesen og uvel….Gni det inn tenkte eg..

Igrunnen så likar eg meg ute i regnveret så lenge regnet kjem frå oven og ikkje frå sida

Så på meg vestlandsbunaden og refleksvesten

Ser litt olm ut og igrunnen så er eg ei sær heks:-)

Syns det var noko som ikkje heilt var som før på utsikten,men tenkte at no har det gått heilt i surr ,så eg fortsette til eg hadde nådd nullpunktet og litt til

Koseleg skilt.Viktig å ta vare på dei små,men her snur eg…

Men no fekk eg forklaringa på kvifor eg syns det var noko rart å utsikten.Trefte på ein kjenning som lurte på om eg hadde sett at han hadde saga ned og rydda på utsikten i regnveret…

Akk ja..Kor treg kan eg igrunnen vere. Men er det full gjennomtrekk, så er det  det, tenkjer eg.Så no bar det strake vegen til utsikten for å sjå på arbeidet:-)

Til  og med nesten opplett så eg fekk av hetta og kunne sjå meg rundt.Er nesten så ein er trafikkfarleg når hetta er trekt så langt ned i ansiktet at ein verken ser eller høyrer:-)Mulig eg er det ellers og:-)

Alle småbuskene som sto på kanten er vekke og utsikten er prima:-)Båten med Yme er der fortsatt og det ser ut som den sakte men sikkert nærmer seg Lutelandet:-)

Hadde meg halvannan times tur i regnveret.Det gjekk så seint at eg trur ikkje eg forbrannt ein einaste kalori.men fekk masse frisk luft og er igrunnen hærleg når regnet piskar i mitt trøtte ansikt:-)

Regnet stoppa då eg kom på tunet,:-)

Men no har eg berre lyst på noko godt å ete.Får veldig matlyst av denne friske lufta:-)

#Humor #Tur

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg