Ingen bønn:-)

Ja Idag har eg vore veldig trøtt

Ikkje for det.det er eg støtt

Men grunnen i dag var vel lite søvn

Måtte jo hjelpe til å ta min tørn

 

Vaska ei hytte ,det gjekk forferdeleg seint

Skulle jo tru, at eg i det var trent

Hjelpe meg for ein latsabb du er

ropte Lisa og tok eit bringebær

 

Altså no får du komme deg ut på tur.

Ikkje berre daffe og føle deg lur

Gale Lise var i støtet idag

Så vi tok oss ein tur på Vardeheia ilag

 

Starta litt seint skulle det vise seg

for oppe med demma fekk eg regnet på meg

Hadde no heldigvis regnjakke med

for regnet riktig hølja ned


Gjorde igrunnen berre godt,sjølv om det føltes ganske vått

Einaste er at ein må passe på

kor ein set føtene når ein skal til å gå

Glatt på berga og ellers søkk vått

tar litt på for ein gammal skrott:-)

Regnet det stoppa då eg kom opp

på denne flotte og nydelege topp

No var det berre tenkje på, kor eg skulle nedatt gå

Forsiktig rett ned, eller litt på skrå

 

For det var sleipt som f og ekstremt glatt å gå

i tillegg vått og skummelt på berga blå

 Skoa var lekk og eg var søkka blaut

Følte meg nesten som eit gammalt naut

Men alt i alt ein hærleg tur

Eg kjenner eg er trøtt og ikkje sur

Det gjekk ikkje fort og eg brukte veldig lang tid

men gjer ingenting ,eg er like blid:-)

 

#Humor #friluftsliv#dikt

 

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg