Dikt om livet

I dag har eg berre luffa litt rundt

sett på naturen og gått Bordvika rundt

Kan anbefalast å rusle omkring

Ein ser forskjellig og tenkjer på ting

Kom på at eg kunne hatt bryllaupsdag 

Ja me er sjølvsagt ikkje lenger i lag

Det gjekk med det, som med treet her

Litt ribba tilbake men står no her:-)

Blomstrar fortsatt i vegkanten.

Då tenkjer eg at jammensante

Det er ikkje så verst å bu her ute

sjølv om det knapt nok går ei einaste rute:-)

Sto ein vakker og litt oppeten sopp

Minner meg på at ein ikkje må gi opp

Om livet er tøfft og alt er svart

så går det over om ikkje så snart:-)

Vill vakker og våt, er fossen her

Forandrar seg om det er fint eller stygt ver

Slik er det også med oss igrunn

Viktigast er at vi er god på bunn

 

God helg

#natur #dikt

 

 

 

4 kommentarer

Siste innlegg