Fykande fart

Avslutta ei flott helg med ein tur på Vardeheia.Fantastisk temperatur idag.

25 september og temperaturer over 20 grader er berre lekkert.Men vind..og ikkje lite heller

Godt den er mild og ikkje kald

Var drittungt oppover lia idag.Følte meg fullstappa av middag og kaker og tenkte at jaja

det er no opplett og hett og ein eller annan gang kjem eg vel opp

Men var fantastisk å kunne gå i t-skjorte nesten heilt opp.

Men då var det og slutt

Å ta på seg jakke i stiv kuling er ikkje for pyser.Godt ingen såg meg:-)

Sjelden gamla har gått over fjellkammen med den farten som idag.Hadde fart som ein 18 åring.Nærmast flaug bortover med ilagt sidesleng..men pytt pytt.

Var lykkeleg og glad eg kunne kaste meg ned litt i ly å eine sida av varden..Men var vind der og. Ganskje hårreisande:-)

Utsikta var nydeleg som alltid sjølv om opphalde på toppen vart så kort som overhode mulig:-)

Var eit svare strev med å få skreve seg inn i boka,eller bøkene.Her er og ei gjestebok som har vore her sidan varden vart bygd:-)

Gjekk på kryss og tvers og i ein fela fart dei første høgdemetera nedover.Godt nedi lia kunne eg igjenn trekke pusten

Skya til på slutten av turen.Var ein hærleg tur sjølv om vinden var vel dryg på toppen.Av og til så må eg skikkeleg snakke hardt med meg sjølv for å komme meg ut.Men sjelden eg angrar:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg