Stakkars meg:-)

I dag er det ikkje hjelp i verken gale Lise eller noko anna på  det eine eller det andre

Vorten stappa forkjøla og rusten i stemma

Stakkars meg.:-)

Halsen er sår,kroppen verker og hovudet dunkar

Med andre ord er det noko som går over, berre ein tek det med ro litt

Kanskje er det det eg treng.

Så idag ligg eg som eit slakt i sofaen men papir i umiddelbar nærheit

Slike dagar er det igrunnen godt at eg er aleine.

Slepp å ta hensyn til nokon andre enn meg sjølv og ikkje smittar eg nokon heller

Det einaste eg treng er rikeleg drikke og febernedsettande

Litt bale med vond hals men håper det går over av seg sjølv

Slike ting brukar det

Hadde sikkert vore godt å hatt nokon som dulla med ein,men igrunnen så syns eg det er litt masete når det einaste eg treng er fred og ro:-)

Vorten ei skikkeleg sær gammal dame med åra:-)

Men det er eit fantastisk flott ver ute .Men kaldt

Vinteren bankar på døra og minner meg om at no vert det tid for glatte vegar,sukk og stønn og mykje snømåking

Det siste gjev jo mykje frisk luft og musklar men for ei som ikkje er så glad i denne årstida er det berre eit pæs:-)

I slike tider eg tenkjer at eg nok burde budd i sivelisasjonen der det gjekk kollektiv transport og ein slapp å kjøyre rundt på smale glatte vegar med livet som innsats,for deretter lese om miljøpolitikk, der alle skal ta kollektiv transport,bilavgiftene og bensinen skal auke og det skal straffast å bu på landsbygda

Trur eg vert litt agressiv av å vere sjuk og:-)

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg