Tankar ein regnversdag:-)

Utruleg kor kjedeleg det er å vere slakk

Hadde eg no endå mista matlysta så hadde det no vore so

Men neidå.,,,,,Det einaste eg igrunnen orkar ,er å ete og det i ett bankande kjør

Ikkje orkar eg å få frisk luft heller..

Kjenner vinterdepresjonane tek taket i takt med slakkheit og regnver..

I morra vert det nok holkeføre

Meldt kaldt etter å ha bøtta ned ;.)

Men må eg lufte vetet koste kva det koste vil for dette innelivet tek aldeles piffen frå meg:-)

Her er dama med humøret på topp skjønner de…

Treng ein spasertur for dagen for å halde desse sure tankane på avstand ,og få litt bevegelse i ein gammal skrott

Når eg ikkje orkar det så vert det surmuling…og eting…

Held nesten på å sprikke.

Veit jo at eg ikkje bør men viljen er svak:-)

 

Same kor ein snur seg så er rompa bak:-)

Litt lei av å sitte i sofaen og glo på tv.Då er det bedre å kunne gjere dei tinga ein brukar gjere

Og eg har berre ein forkjølelse

Den går jo over på eit par dagar:-)

Er noko med å kunne gjere dei tinga ein har funne ut ein treng for å ha det mest mulig bra med seg sjølv

For har eg det ikkje bra med meg sjølv så har eg det heller ikkje bra ilag med andre.

Treng overskudd for å vere ein god venn og kollega ellers går ein fort tom:-)

Av og til er eg rett og slett elendig til begge deler…

Er visst noko som heiter å ta seg saman..Å ja,eg prøver…

Men ikkje alltid eg lukkast med det

Men trøster meg med at det er heilt normalt

Sjelden eg har trefft nokon som er heilt utan feil å manglar

Det viktigaste er vel at vi er klar over vore sterke og svake sider og gjer det beste utav det

Ein får vere som ein er når ein ikkje vart som ein sku

Eg er ilag med alle andre heilt unik:-)

Så det er ingenting å kimse av.Kanskje eg skulle brukt den unike delen av meg til noko positivt

Rekk igrunnen med ein av meg ,trur eg

Kan vere litt slitande til tider.Maser og kavar har temperament for fleire

Men kan vere ganske så grei og kjekk når eg vil.

Rikelig med sjølvironi og ikkje fullt så dum som eg ser ut som:-)

Igrunnen så har eg det best når eg får tusle rundt aleine i naturen eller etter vegen,.Jaja kan jo og gå med andre,. berre dei går seint:-)

For når eg går tur skal det vere null stress.Poenget er å finne roa:-)

Vert meir og meir sær etter som åra går

#ironi

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg