Kunsten å slappe av:-)

Av og til syns eg det er så godt

også for min halvgamle kropp

Berre slappe av og ta verda med ro

Kun måtte ein ting, og det er å gå på do

 

I dag er ein slik dag 

og eg nyt den for alt

Slike dagar kan ein ikkje for noko få betalt

Berre det å sove så lenge eg treng

Det er jo ein fordel å ha ei god seng

 

Har rusla meg ein tur og sett på naturen rundt

Litt grått idag men frisk luft er sundt

Nokre har fått lys ute på tre og hus

er fint om kvelden med kveikte lys

 

No sit eg her framfor dataen min

Kjenner meg ganske så lys i mitt sinn

Forkjøla fortsatt og litt ilt her og der

Men ganske bra i mine tær

 

Venter på middagen skal verte klar

Lagar den sjølv,

men litt tid det tar

Veit så inderleg vel at eg burde ete med vit

Men skal eg vere ærlig så er det eit slit

#dikt #humor

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg