På tur med Pengesluket

No er ikkje tussmørkna,plaskregn og køyring nokon god mix.
Iallefall ikkje for meg.
Vi beregma gooooood tid og Pengesluket tusla iveg…

Radioen til Pengesluket har plutseleg lagt inn årane. Ingen lyd verken i den eller cden
Sikkert høyrt om dab og valt å avslutte sjølv😊
Klokka til Pengesluket lever sitt eige liv..
Så der tøffa vi rundt i god tru til vi kom på Langeland og eg såg mi eiga klokke…
Då vart det slutt på kosefarten
Det gode er at ein som regel må vente på sykehuset😎

Problemet med å måtte vere i Førde i timesvis er jo at ein plutseleg treng det ein ikkje visste ein hadde behov for

Men til slutt vart eg skrubbsvolten

Smakte utmerka og mett vart eg.
Tenkte det var smart å ta med kaffi i pappbeger med lok…Kjekt i bilen❤
Vel oppi lia skulle eg ta meg ein slurk….
Det var berre det at loket var litt laust..
No var det igrunnen greit at eg hadde falle for fristelsen og kjøpt ny genser..
Var berre å vente til eg fann ein plass å køyre ut
Når sant skal seiast så har eg og desse koppane aldri hatt det store forholdet…ikkje første gang

Kjørde rett inn til naboen og drakk kaffi og lånte ryggmasasjeputa .
Hærleg etter alt maset..
Hadde no kjøpt med vg og ein blomsterkvast som tskk for lånet❤
Retteleg fått på meg spanderbuksa og var i godlune
Pengesluket ville heim og gamla gjekk seg ein tur i ruskeveret

Trur karmaen min er elendig for tida.
I likheit med parabolen har eg dårlege signal

Vore slik nokre dagar.
No har no min gode hjelpar styra på ute i regnet i fleire timar.
Prøver å hjelpe gamlemor
Mulig han får fram litt signal hos parabolen

Så får heller dette spetakkelet få orden på seg sjølv

#humor#ironi

Av og til så veit eg ikkje korleis eg sksl takke.
To timar i regnet for gamlemor❤❤❤❤

4 kommentarer
    1. Så bra pengesluket ville ut på tur! men radio som streiker og kaffe over seg..ja da er det ikke en fult så god dag! også tuller prabolen! Ingen god dag! men håper du får en flott kveld!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg