På tur med galeLise

Flott ver idag
Sidan eg var ferdig på jobb klokka 14 fekk eg den glupe ideen å ta ein fjelltur.
No er vi ikkje så flinke med vedlikeholdet av turløypene her som hos naboen.
Ingen plank over våte parti eller kvilebenk.
Til gjengjeld er det gjørmehol og plaskedammer..
No tenkte eg at eg var glupe og smart og valde gummistøvlar

Problemet var at høgrestøvelen var lekk og ikkje stort bedre den andre heller.
Var søkka blautfør eg kom på første toppen…kalde våte bein…
Ville snu…Men då tok galne Lise heilt av
Det gjekk då søren ikkje anna å trekke seg berre på grunn av det..Pysete eller?

Igrunnen er eg det..Men å snu var kanskje ikkje lurt..
Gjekk ikkje fort men gjorde godt

Aldeles nydeleg på toppen.
Forma er elendig..
Trudde rett som det var at eg skulle kollapse..

Men så klart kan ikkje gamla komme frå ein slik ekspedisjon ustraffet.
På veg nedover i sleipa hengde  høgrefoten seg opp i ett eller anna.sklei ut i ein komisk vinkel..Gamla slang hit og dit..var sikker på å bryte foten..
Men unngjekk å dette..
Kom unna med forstuing ,men det var inni h..ilt
Har du tenkt å overnatte her eller, kom det kvasse frå gale Lise…
Må sei det fresta ikkje..med mi tyngde er eg heller ikkje så enkel å bere kilometervis…
No var det kanskje ein fordel at eg var iskaldt.og våt på beina..
Hjelp jo å kjøle ned…
Pingsa meg no nedover om ikkje så brått

Var sjeleglad eg kom meg heim.
Så no har eg landa på sofaen med foten på krakk.
Godt bandasjer med støttebandasje…
Smertestillande er nødvendig og igrunnen så skjønner eg ikkje korleis eg kom meg nedatt😊godt eg har langfri
Håpar på at det ser lysare ut i morra
Går seg nok til

6 kommentarer

Siste innlegg