Fastelavensbollar med ny vri;.)

I dag tenkte eg at eg skulle skikkeleg slå på stortromma
Hadde mykje mjelk som måtte brukast og er jo fastelavn🌻

Hadde oppi berre det beste..
Deigen fekk heve slik den skal..
Bollane vart store og flotte😁

Var skikkeleg fornøgd..
Hadde steikt to brettt og klar for å sette det tredje i ovnen då eg fall for frestinga å smake…
Ka søren?
Bollane formeleg brann i munnen..
Vel hadde eg hatt i rikeleg med kardemomme…men den smaker liksom ikkje slik.

Ut på kjøkkenet…
Kva ser eg..jau..der står pepparglaset attmed kardemommen og formeleg blunkar til meg😶
Beŕre å starte på nytt…
Hadde heldigvis litt mjølk att..
Får håpe det no lukkast for no er eg tom

Lurer på om eg skal bruke dei andre til lasagne eller gryterett..
Eit alternativ til kvitløk som eg ikkje likar
Var no godt eg smakte før kremmen kom i😚

#humor#ironi

3 kommentarer
    1. Enda godt du prøvesmakte! herlighet..med krem er det nok ikke godt med pepper boller..hihihi

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg