Livets dessert

Det å få barnebarn er noko av det flottaste eg har opplevd.
No har eg litt av den tolmodigheita eg ikkje hadde med mine eigne..
Stakkars…mykje godt dei er vorten flotte menneske…

Elskar å klatre altså besta😊
Likar ikkje å gå tur etter vegen..
Men når ein kan klatre seg nesten heile vegen så går det unna

Litt skummelt hist og pist..
Smalt og rekkverk er det ikkje her i ytre…
Her må ein halde tunga beint i munnen og håpe på det beste😊

Når ein først går tur med eit barnebarn så må ein og gå med neste…
Viktig med slike stunder der ein kan snakke om laust og fast.
Kan lære mykje av dei unge håpefulle
Kjem med spørsmål og problemstillingar eg aldri har tenkt over.
Har meiningar om mykje og ein glede over dei små ting som vi voksne berre kan misunne dei❤

Er slike dagar og timar som er så viktige.
Har desverre ikkje barnebarna rundt med så ofte.
Men kanskje det og har sine fordelar.
Må nyte den tida ein har ilag i ein travel kvardag.

Var barnebarnet som endeleg fekk sett røykinga til besta i perspektiv.
Då var ho fire og kom på snarvisitt med pappaen sin.
Besta skulle då nett ut for å ta seg ein røyk..
Vel innattkommen kom det..
Du besta..Syns du røyken er viktigare enn meg sidan du må røyke no når vi berre skal vere her litt?
……

Å forklare henne at neidå vennen..du er viktigast når eg nett hadde vist henne det motsatte var håplaust…så besta klarde slutte å røyke..
No er frøkena snart skulejente..
No er det ete besta gjer…og går tur😊

Kjenner at det å vere saman med barnebarna gjer meg glad
Smiler berre med tanken
Til å med veret har vore supert idag😊
Kaldt ute no og stjerneklart.
Besta har benka seg framfor tven med strikketøy og kaffikopp..
God laurdagskveld😊

3 kommentarer
    1. Så koselig! ja de sier det..at å få barnebarn er en velsignelse..har ingen enda her..og føler det er greit..for har liksom nok med meg selv for tiden..så tålmodighet vet jeg ikke om jeg hadde hatt..hihih..joda..man får nok det..Kos deg med småtrolla! ha en god kveld!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg