sjuk,svak og dårleg bak:-)

Vakna slakk i ånden og tett i pappen.

Hovudverk har eg og:-) Sånn slapp av, og kom meg til hektene dag.

Har no fri om ikkje anna.Er vel då kroppen slapper av og har tid å kjenne etter.

Er no berre å ta verda med ro.

Får no sjå om eg får gjordt litt innomhus om ikkje anna..

No kjenner eg at eg igrunnen ikkje orkar så mykje.Men av og til treng vel kroppen berre å få seg ein avslappingsdag:-)

Er jo ingen ungdom lenger,sjølv om eg av og til gløymer det:-)

Sola bryt gjennom skydekket.Vi nærmar oss april.

Tida går frykteleg fort syns eg.Snart påske og tid for påskekos og påskeegg.

Må ikkje gløyme å minne haren på at han må fylle alle påskeegga vi skal leite etter.

No var det ingen påskehare her før,den har dukka opp dei seinare åra.

Vanskeleg å få auge på og besta har eit fæla strev med å finne lure plassar  der haren kan legge egga:-)

Har no ei veke på meg endå til innkjøp.Kjekt med litt tradissjonar ilag med barnebarna.Koseleg.

Alle er jo med.Store og små:-)

 

Er glad i våren.

Dagane vert lysare og det spirar og gror.Kjenner eg vert lysare til sinns .Alt vert lettare og dagane er lyse:-)Berre lekkert

Sommaren og er topp syns eg.Vinteren er eg ikkje glad i.Mørk og dyster:-)

Vi ar alle vore favorittar:-)Godt vi er ulike

Gledar meg til fleire turar i skog og mark og litt fleire turar på fjellet.Det som er bakdelen er at med våren kjem og hoggormen.

Den er det desverre mykje av uti her…Skrekk og gru …Men den er jo her, er så lite ein kan gjere med det.For meg kunne den gjerne vere vekke.

Giftige ormar er ingenting å ha, spør du meg:-)

Men no sit eg no her inntulla i pleddet mitt.Ovnen er rødglødane.Teppet er godt tulla rundt meg.Kjenner at no er eg igrunnen litt svolten,så kanskje eg skal  lage meg litt mat og kose meg litt:-)

 

God mandag:-)

1 kommentar
    1. Ja du må ha god bedring! ikke godt når kroppen krangler! Apropos hoggorm..ser at den har begynt å dukke opp rundt om..jeg også hater den rakkeren..ish…ikke godt å treffe på med tre små hunder… Ha en god kveld! og gled deg over alle små vårtegn!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg