Gale Lise i full fræs

Etter å ha sove til langt på dag og ete ein lang  og god frukost belaga eg meg på nok ein trasig dag😋

Skodda klamra seg fast og det yra som best det kunne.
Jaja..eg tok stripa mi etter vegen..tusla heim og hadde igrunnen tenkt å verte her resten av dagen..

Av ein eller annan merkeleg grunn forsvann skodda…sola kikka fram og null nedbør..
Er jo så eg ikkje trudde mine eigne auge..
Men sofaen var jo steike god…
Det var då gale Lise kom på banen…

Skal du sitte her?
No har du gneldra om fjelltur som ikkje vert noko av grunna skodde og regn i vekesvis…
No er det opplett…kom deg ut!!!
Kvifor er det så mykje lettare å gremje seg over alt som er gale, enn å gjere noko med det når ein kan?
Støvleføre til Vardeheia..minst

Å ka so sa gale Lise..
Du fekk jo støvla til jul

Fy søren kor tungt det var idag…null pust og vått overalt…men får ikkje kondis av å berre syte…

Syns igrunnen det vart nærmast ekstremsport..verst nedatt…adde meg eitpar ikkje så gode forsøk på baklengs salto og det i siste bakken ned..☺sikkert bra ingen såg..

Skodda kom før meg til toppen.
Det er når ein vaser rundt i skoddedisen eg lurer på om eg er heilt god
Nede med sjøen skin sola…
Og her vaser gamla rundt som om eg ikkje har hatt nok skodde siste vekene.

Brukte laaaaang tid.
Var igrunnen ikkje så kjekt..for glatt.
Men kjenner det har gjordt godt.
Er svolten.sliten og har fått den vel tiltrengde trimmen..
No er det berre å prøve å komme seg på ein topp 2 ganger i veka…
Det er ei anna historie

2 kommentarer
    1. Så herlig at du kom deg ut!! DET gjorde nok godt for kropp og sinn!! Ser jo så flott ut..selv om det var mye vann…Flotte bilder! ha en god og velfortjent kveld i sofaen!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg