Gammal og halvgalen😄

Litt sånn tett i pappen og uggen har eg kreka meg ut or senga..
Ser rundt meg..
Meir som eit katastrofeområde..
Må nok ta å rydde litt opp…
Fann forresten påskepynten..
Langt under ei seng.Korleis den hamna der er eit under..
Påskeegga derimot …borte vekk.
Mistenker at påskeharen med ein feil har ruska med seg dei tomme…
Alle kan ta feil..
Så innkjøp av nye ser ut til å vere løysinga..
Men først må eg vakne..Det tek tid.
Kroppen vil ikkje nokonting😐

Grusomt med det som skjedde i Sverige og med all krig og nød ute i verden
Vi har lenge vore trygge.Er noko med det at når det skjer langt vekke så tek vi det ikkje så innover oss.
Det er først når det skjer nærmare vi åpnar augene og skvett til
Men ofte er det tankar vi går med inni oss sjølv om vi ikkje snakkar høgt om det.
Lettare å snakke eller skrive om dei ufarlege tinga og la dei som kan det fortelje oss kva som skjer rundtom.

Verda vert stadig tøffare.
Ikkje all framgang er positiv.
Men er tross alt viktig å bevare trua på det gode i menneska og håpet om fred..

Eg bryr meg om andre, om eg kan virke noko sjølvopptatt😎
Men er meg eg har mest greie på.

No får gamla snart prøve å starte dagen..

Ynskjer alle ein fin laurdag😀:-)

#humor#ironi#alvor

1 kommentar
    1. Ja det skjer mye rundt om..og vi kan ikke annet en å bare håpe det ikke rammer oss..Håper dagen din har vært fin!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg