Posten skal fram🙄

Og då helst i rett postkasse..
Har vore bra i det siste ,igrunnen inntil dei siste dagane…
Då har eg virka som reine magneten på posten til dei som er etter meg på ruta😐
Har bruka å putte det nedatt i postkassa og neste dag er det vekke..
Men i dag er det fredag.
Fekk to tjukke bøker i posten idag…
Var då volsomt tenkte eg, å la dei på kjøkkenbordet..
Tok på meg joggeskoa og tok trimrunda mi…flate vegen😊
Vel heime flekte eg no opp bokpakken.

Vel fornøgd med den eg hadde fått tok eg neste pakke..
Sånn heilt tilfeldig fall augene til ro på navnelappen…ka er det det står?
Fram med brillene…
Ikkje mi bok…ville og vore rart med to like og heldigvis hadde eg åpna rett…

Ingen post før mandag og gamla tok påatt joggeskoa .1.5 km er jo ingen avstand i grisgrente strøk og posten skal fram…
Dama hadde visst venta på boka..nesten som eg fekk følelsen av at ho trudde eg hadde helde ho att nokre dagar…
😉
Har ikkje det..og no har eg no funne ut at vi begge likar lese…og det same type bøker😊
Ikkje så nøye med personvernet😶
Ikkje direkte smussliteratur😶 Mykje ein får vite sånn heilt tilfeldig

Eg surra meg dei 1500 meterane heimatt.
Frisk luft er sundt og naboen kan kose seg med bok i helga:-)

Rips hadde dei og i hagen 🙄

Sliten etter Førdetur😎 Så gjorde berre godt med ekstraturen
Prinsen vart levert og er reist på nye eventyr og besta fekk sjekka auget

No er det sofa og fredagsro

God helg❤

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg